
Hemsedal Barnegospel er eit stort barnekor i bygda med ca. 115 medlemmer frå 2. – 7. klasse. Vi møtast annankvar onsdag på kyrkjestugu, og på øvingane lærar vi mange nye songar og har pausar med leikar, konkurransar og litt i bite i.

Koret har gjeve ut 4 CD`ar og siste cden ”Tenn et lys” som kom ut i februar 2007. koret er i gong med sin 5 cd som kjem ut til 30 årsjubileet. Før jul i 2005 spela koret inn ein eigen musikkvideo som bl.a vart vist på NRK julemorgen.
Koret er med på forskjellige arrangement i løpet av året og har kvart år ein ”storkonsert” åleine. Neste store konsert blir konserten i Hemsedal kyrkje 23. mars kl. 19.00. Kvar vår er Barnegospel på weekendtur. I år går turen til Kongsberg og Tusenfryd.