Hovedmeny
hovedside
gudsteneste
kyrkjer og lokalar
kyrkjelege handlingar
dåp
konfirmasjon
bryllaup
gravferd
aktivitetar
småbarnstreff
s-klubben
søndagskulen
10-13
hemsedal soul children
ungdomslaget
normisjon
misjonsforeningar
søndag for alle
KRIK høyfjellsenter
BASEcamp316
dåpsopplæring
soknerådet
kyrkjebladet
tilsette
Kontakt oss
|
Dåp
Det er mellom 20 og 25 dåp i Hemsedal sokn i året. Dei fleste vert døypte som spedbarn. Men kvart år er det også større born, ungdomar eller vaksne som vert døypte.
Vi ynskjer å ha som hovudregel at dåp vert lagt til dei gudstenestene vi har i kyrkjene. Sidan dåpen gjev medlemsskap i kyrkja, vil vi at kyrkjelyden er samla når dåpen finn stad. Dersom særlege grunnar talar for det, held vi dåpen rett etter gudstenesta er ferdig. Elles skjer dåpen i starten av gudstenesta.
Vi ynskjer å koma i møte dei ynskja de måtte ha om dato. Difor legg vi til rette for at det vera dåp på dei aller fleste gudstenestene i Hemsedal kyrkje eller Lykkja kapell. Datoar for gudstenester framover finn de her eller i Kyrkjebladet. Ta deretter kontakt med kyrkjekontoret/presten for å avtala dato.
Dersom de ikkje er busett i Hemsedal, kontaktar de også k
yrkjekontoret der de høyrer heime. Dei tek seg av registrering av opplysningar som vedkjem dåpen, og sender så melding om dette til oss. Like eins må hemsedøler også ta kontakt med oss, dersom de ynskjer dåp i ei anna kyrkje enn her. Då tek vi imot og sender vidare melding med nødvendig informasjon til det aktuelle kyrkjekontoret.
Den som vert døypt skal ha fadrar – minst to og høgst seks. Foreldra skal ikkje vera fadrar.
Før dåpen må de ha valgt namn til barnet, og gjeve melding om dette til folkeregisteret. Dette må skje før barnet er seks månader gamalt.
I forkant av dåpsdagen tek presten som skal forretta dåpen kontakt med dykk, og gjer avtale om ein samtale. Her går vi gjennom liturgien for dåpshandlinga, og samtalar elles om korleis dåpen kan følgjast opp i heimen.
I einskildtilfelle vert det aktuelt med nauddåp/heimedåp. Då held vi seinare stadfesting av dåp på ei gudsteneste i kyrkja.
Meir om dåp kan du finne den norske kyrkja si heimeside www.kirken.no
Vi ynskjer alle velkomne til dåp i Hemsedal!
« tilbake
|
Søk etter gravlagte
Her kan du søke i kyrkjegardsregisteret for Hemsedal kyrkje Les meir..
|
Antall besøk:124200
|