Hovedmeny
hovedside
gudsteneste
kyrkjer og lokalar
kyrkjelege handlingar
dåp
konfirmasjon
bryllaup
gravferd
aktivitetar
småbarnstreff
s-klubben
søndagskulen
10-13
hemsedal soul children
ungdomslaget
normisjon
misjonsforeningar
søndag for alle
KRIK høyfjellsenter
BASEcamp316
dåpsopplæring
soknerådet
kyrkjebladet
tilsette
Kontakt oss







Gravferd
Det er vondt å miste nokon ein er glad i. Når nokon døyr er det mange tankar og følelsar som veller opp. Midt i dette er det mye som må ordnast på kort tid, og ein god del avgjersler som må tas. På denne sida vil du kunne finne litt hjelp til det som dreier seg om gravferda i kyrkja.

Slik går du frem
Gravferdsbyrået er behjelpelig med det praktiske i forbindelse med dødsfallet, også det som gjelder gravferda. Blant anna å ta kontakt med kyrkjekontoret for å avklare tidspunkt for gravferda. Tidspunkt for gravferda fastsettes som regel i løpet av de fyrste dagane.

Presten vil deretter ta kontakt med nærmaste pårørande i løpet av de nærmaste dagane for å avtale nærmare om innhaldet i gravferda. Det er vanlig at presten som skal forrette under gravferda møtar dei pårørande i heimen for å planlegge gravferda.

Huskeliste i forbindelse med gravferd
  • bestille dødsannonse i avisa.

  • bestille blomster.

  • ten ke på moment til - eller skrive - minnetalen.

  • finne 6 personar som kan bære kista ut av kyrkja.

  • velje songar og musikk til gravferda ev. bestille songfolder (i kyrkja er det salmebøker som kan nyttes).

  • ev. bestille lokalar og mat til minnesamvær.


  • Songar i gravferda skal normalt veljas frå salmeboken. Det er vanlig at pårørande veljar songar, og ofte også musikk. Prest, organist eller gravferdsbyrået kan hjelpe med å velje songar og musikk til gravferda. All musikk og song skal på førehand godkjennast av organist og prest, det er derfor viktig at dette avklarast i god tid før gravferda.

    Minnetale
    Ofte seiast det nokon korte minneord om avdøde og /eller noen ord om dødsfallet i starten av gravferda. Det er gjerne ein av dei pårørande eller presten (på vegne av de pårørande) som helde talen. Dersom andre ynskjer å si noko avklarast dette med forrettende prest på førehand. De i nærmaste pårørande skal også gi samtykke til dette.

    Dersom nokon ønskjer å tale ved kransepålegginga, gi æresbevisningar eller gjøre andre tiltak i tillegg til gravferdsordninga skal på førehand godkjennast av forrettende prest.

    Barn i gravferda
    Mange er usikre på om barna bør være med i gravferda eller ikkje. Generelt bør barn få være med i kvart fall frå de er 4 år. Barn har like stort behov for å uttrykke sin sorg som vaksne, men det utrykkast ikkje alltid på same måte. Barn vekslar raskt mellom glede og sorg - lek er ein viktig del av kvardagen også for et sørgjande barn. Vi må ikkje tro at dette betyr at de skal "spares for" eller "beskyttast mot" sorga samen med resten av familien. Allereie frå 3 års alderen er barn opptatt av død. Dersom de vaksne møter dette med openheit, og legger til rette for barnas sorg, er det godt og viktig for dei å få delta.

    Det er viktig å lage gode rammer for barns deltaking i ein gravferd. Forklar på forhand at det kommer til å være mye blomster, kor kista skal stå og korleis det vil sjå ut. Det er fint å kunne gå inn i kyrkja og sjå før gravferda, og så ta ein tur ut igjen og snakke om korleis det opplevast. Forklar også at det er fint og naturlig at vaksne gråtar og reagerer, at det er fordi vi er glade i kvarandre og er lei oss fordi ein er død. Dersom foreldra er usikre på om de sjølv er i stand til å ta vare på barna under gravferda er det fint å finne noen andre som barna har tillit til, men som ikkje sto avdøde så nær, som kan være saman med barna.

    Ta gjerne kontakt med presten på forhand for å snakke om dette. Det finns også gode barnebøker om gravferda og om barn og sorg, som kan brukast som utgangspunkt for å snakke med barna.

    Kistegrav eller kremasjon m/ urnenedsetting
    Dersom det er kistegrav avsluttes gravferda ved den opne grava. Ved kremasjon følgjes normalt kista til bårebilen og gravfølgjet blir ståande til bilen har kjørt bort.

    I mange tilfeller vet dei pårørande om avdøde ønsket kistegrav eller kremasjon. Men avdødes ønskjer er ikkje alltid kjent. Den som sørgjer for gravferda kan da framsette begjæring om kremasjon.

    Ved kyrkjeleg gravferd skal pårørande / gravferdsbyrå på førehand gi melding til kyrkjekontoret om det skal avsluttes med kistegravferd eller kremasjon m/urnenedsetting.

    * Ved spreiing av aske/ privat gravstad kan ikkje kyrke eller prest medvirke i forbindelse med gravferda Jfr. gravferdsloven §20.

    Den som har fylt 15 år, kan skrive ein begjæring om at ein ønskjer kremasjon dersom ein dør, denne må være underskrevet og datert.

    Urnenedsetting: Det er anledning for pårørande til å være tilstede når urna settes ned på kyrkegarden. Vanlegvis er det ingen kyrkeleg medverknad ved denne handlinga. Det finnes ei ordning som kan brukast dersom det er ønskeleg.

    Kostnader
    For medlemmer av Den Norske Kyrkje kostar gravferd i den kommunen avdøde er folkeregistrert ingen ting. All pynting av kyrkja og ev. soloinnslag o.l. betalast av pårørande.

    Dersom du ikkje er folkeregistrert i Hemsedal, men ynskjer å bli gravlagt her så ta kontakt med kyrkjekontoret.


    Båreandakt
    Båreandakt brukast når det er ønske om det, og kan nyttast i heimen, på sjukehus og andre institusjonar eller i gravkapell/ bårehus. Andakten ledast som regel av ein lek kristen, men presten kan spørjast. Jfr. Alminnelige vedtekter for båreandakt.

    Meir om gravferd kan du finne den norske kyrkja si heimeside www.kirken.no

    « tilbake





    Dåp
    Les meir..

    Konfirmasjon
    Les meir..

    Bryllaup
    Les meir..

    Gravferd
    Les meir..

    Kalender
    12.02.2012:
    Kveldsgudsteneste


    26.02.2012:
    Gudsteneste


    11.03.2012:
    Sprell levende gudsteneste


    25.03.2012:
    KRIK Gudsteneste


    05.04.2012:
    Gudsteneste


    05.04.2012:
    Gudsteneste


    06.04.2012:
    pasjonsmesse


    08.04.2012:
    Gudsteneste


    08.04.2012:
    Kveldsgudstenste


    09.04.2012:
    Gudsteneste



    Søk etter gravlagte
    Her kan du søke i kyrkjegardsregisteret for Hemsedal kyrkje
    Les meir..

    Antall besøk:124200
    (C:)2011, Hemsedal kyrkjelyd
    Webansvarleg: Rune Abrahamsen
    Webløysing: wsoft.no